– Endeleg drosje i Rosendal

Drosjesjåfør Geir Walle (63) syntest det blei keisamt å vera pensjonist, så han søkte på eit ledig drosjeløyve. Med det har rosendalsområdet igjen fått tilgang på eigen drosje.

Drosjesjåfør Geir Walle (63) syntest det blei keisamt å vera pensjonist, så han søkte på eit ledig drosjeløyve. Med det har rosendalsområdet igjen fått tilgang på eigen drosje.

Artikkelen er over 2 år gammel

Geir Walle (63) i Dimmelsvik krydrar pensjonisttilveret med å køyra drosje. Takka vere det har Rosendal og bygdene rundt igjen fått eit drosjetilbod.

DEL

Etter at Tomas Berius sa opp drosjeløyva sine i vår, har det ikkje vore drosjesjåførar lokaliserte i rosendalsområdet. Dermed har kundar vorte tvungne til å bestilla taxi frå Husnes, sjølv om dei berre skulle reisa frå éin destinasjon til ein annan i bygdene i nærområdet. Men nyleg valde Geir Walle (63) i Dimmelsvik å søkja på eit ledig drosjeløyve, noko han òg fekk tildelt, og med det har det igjen blitt drosje tilgjengeleg for kundar i desse bygdene.

– Eg køyrde drosje for Tomas Berius i sju år. No er eg eigentleg pensjonist, men eg syntest det blei keimsamt berre å sitja heime, så eg valde til slutt å søkja drosjeløyve, fortel Walle.

Han fortel at eit drosjeløyve ikkje er knytt opp mot éin særskild geografisk stad, men at det er naturleg at han har kontroll på Rosendal og bygdene rundt sidan han bur her.

– Det har vore litt utfordrande å få tak i gode helgevakter, men no har eg tre stykk på plass som skal køyra for meg, så dette skal bli bra.

– Ingen som tok sjansen

Som tidlegare omtala har drosjeløyvehavarane uroa seg for korleis dei skal få nok arbeid til seg sjølve og sjåførane sine etter at drosjene mista retten til pasientkøyringa. Bortfallet av denne var nettopp det som fekk begeret til å flyta over for tidlegare løyvehavar Berius, noko han uttala til Kvinnheringen i mai i fjor.

– Det er ein grunn til at løyvet eg no har fått tildelt vart ståande såpass lenge ledig, det var rett og slett ingen som tok sjansen på å ta det på seg. Eg hadde nok heller ikkje tatt sjansen hadde det ikkje vore for at eg har pensjonen min i tillegg, forklarer Walle.

Irene Engelsen, dagleg leiar i Kvinnherad taxi, er glad for at sentralen igjen har fått eit tilbod i rosendalsområdet.

– Heilt toppers! Det blei dyrt på dei stakkars kundane våre som måtte bestilla drosje heilt frå Husnes til Rosendal, så eg er glad det ordna seg, kommenterer ho.

Artikkeltags