Verda er ein skandale

170119  Verda er ein skandale Hgsd teater

170119 Verda er ein skandale Hgsd teater Foto:

Søndag 10. februar kjem Haugesund teater til Husnes Kulturhus. Då kan du sjå sceneversjonen av Agnes Ravatn si bok om å flytta frå Oslo til Valevåg.

DEL

I boka «Verda er ei skandale» tar Ravatn lesaren med på ei refleksjonsreise, skriv teateret i ei pressemelding. Å flytta frå asfalterte Oslo til mosegrodde Valevåg, byr på mange kontrastar og solid grunnlag for kvardagsfilosofi. Leilegheita på Frogner er bytt ut med ei småbruk utan internett. Småbruket treng omfattande oppgradering og det er langt til næraste ferdigkaffi. Har forfattaren valt rett, etter er flyttinga ei romantisering av røynda? Ravatn haustar og syltar og søkjer lukka gjennom det perfekte knekkebrød. Men ho tvilar, og stiller seg spørsmål:

Kva er lukke? Kva er dei eigentlege skilnadane på by og land? Kva er dei eigentlege skilnadane på Vestlandet og Austlandet? Er vestlandsironien ei mørk kraft?

Gjennom Toril Solvangs dramatisering er det duka for eksistensielle spørsmål. Stykket er tonesett av musikar og komponist Sandra Kolstad, som også er utøvande musikar i stykket.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags