TV-Nonshaug på lufta igjen

SKODESPELARANE: Bortsett frå lensmannen (Andreas Pettersen) som var vekke fredag, er 6. trinnet denne gjengen: Tora Helen Lande Eikeland, Johanna Falk, Jan Olav Hjelmeland, Simen Gjuvsland Riise, Eskil Hegland Kvernmo, Jan Åge Sjo Kårstad, Knut Skogtun Hegland, Noah Hjelmeland og Sverre Jonassen.

SKODESPELARANE: Bortsett frå lensmannen (Andreas Pettersen) som var vekke fredag, er 6. trinnet denne gjengen: Tora Helen Lande Eikeland, Johanna Falk, Jan Olav Hjelmeland, Simen Gjuvsland Riise, Eskil Hegland Kvernmo, Jan Åge Sjo Kårstad, Knut Skogtun Hegland, Noah Hjelmeland og Sverre Jonassen. Foto:

Onsdag og torsdag kveld skal TV-Nonshaug på lufta igjen i Omvikdalen skule. Elevane kan lova krim, sketsjar, musikk og song og mykje moro.

DEL

Tradisjonen tru er det 5., 6. og 7. trinn som skal i aksjon, forsterka med skikkeleg orkester og hemmeleg gjesteartist. I første akt dominerer skodespelet «Kniv–Karlsen», og her får bygdefolket servert reine detektimen frå scenen. I tillegg vil 5. trinnet by på ei avdeling med sketsjar og moro. I andre akt, etter pausen, er det 7. trinnet som fleskar til med ablegøyer av mange slag. Begge aktene vil vera på rundt ein time.

– Og heilt til slutt kjem det eit hemmeleg songnummer der ein kjent person skal syngja «Barcelona» (Queen) i lag med ein lærar, lokkar rektor og TV-direktør, Bjørn Rune Bergane.

Han har som vanleg mange fingrar med i skrivinga, saman med elevar og mange andre som bidrar. Noko er òg funne på nett, men justert og tilført lokal valør. Atle Falk står for instruksjonen av skodespelet (her er det tale om eit innkjøpt manus) og Tone R. Hellesøy har laga eit potpurri som blir framført av henne og nokre sjuandeklassingar. TV-Nonshaug-orkesteret består av same Tone R. Hellesøy (piano), Stein Haugen (gitar/bass), Torkjell Nerhus (trommer) og Kirill Zimin (saksofon).


Kniv-Karlsen

Fredag var lokalpressa invitert til ei øving der 6. trinnet terpa litt på skodespelet som vil leggja beslag på rundt tre fjerdedelar av den første timen. Mellom anna fekk me sjå Kniv-Karlsen (Eskil Hegland Kvernmo) i samspel med helaren Skvetten (Simen Gjuvsland Riise) og disponent Knopp (Knut Skogtun Hegland). Det er mange replikkar å passa på, og sidan det berre er to jenter på 6. trinnet, er det to gutar som må utstyrast med parykk og anna ekstrautstyr for å få alle kvinnerollene i boks. Skodespelet handlar kort fortalt om disponent Knopp som driv med forsikringssvindel ved å stela frå seg sjølv.

I går (søndag) brukte 6. trinnet og instruktør Atle Falk noko av føre- og ettermiddagen til å øva på skodespelet, så det er lite å seia på innsatsen.

– Alle elevane er på scenen på eit eller anna vis – det er kjekt, seier Bergane om det samansveisande arbeidet med TV-Nonshaug.

Sketjar og moro

Etter pausen er det 7. trinnet som i all hovudsak rår grunnen, saman med orkester og det nemnde, hemmelege songnummeret. Det blir mellom anna ein parodi på rektoren («finst ikkje morosamt i det heile», fleipar objektive Bergane), Kong Harald viser seg å vera aktiv på Facebook, og publikum kan også venta seg ein konkurranse der lokale «malarar» konkurrer om å vera den raskaste i portrettmaling.



Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags