Teaterstykke på folkehøgskulen: Då Simone blei til Simon

På kvelden 17. februar kan du ta turen til Sunnhordland Folkehøgskule og få med deg teaterframsyninga «Jeg tar sjansen». Her ser du elevane som medverkar i produksjonen. (Pressefoto).

På kvelden 17. februar kan du ta turen til Sunnhordland Folkehøgskule og få med deg teaterframsyninga «Jeg tar sjansen». Her ser du elevane som medverkar i produksjonen. (Pressefoto).

17. februar har teaterframsyninga «Jeg tar sjansen» premiere på Sunnhordland Folkehøgskule på Halsnøy.

DEL

Folkehøgskulen er no i gang med å setja opp forestillingen «Jeg tar sjansen», basert på den svenske boka «Dårfinkar og Dønickar». Dette var også ein populær tv-serie på NRK på slutten av 80-talet. Produksjonen er sett opp av over 40 flittige elevar som jobbar på spreng med kostyme, scenografi, musikk, skodespel og lys/lyd for å få alt ferdig i løpet av to veker.

«Jeg tar sjansen» er ei historie om Simone som saman med mor si flyttar inn til mora sin kjærast, Yngve. I denne samanheng må ho begynna på ny skule. Første skuledag les læraren feil slik at Simone blir til Simon, som gjer at alle trur ho er ein gut. Dette medfører fleire komplikasjonar og morsomheiter. I dette stykket tar vi ein kikk inn i livet til ein misforstått 14-åring på hennar eventyr gjennom vennskap, konfliktar, identitetssøken, kjønnsroller, kjærleik og familie.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags