«99721520» lyste det opp i displayet på telefonen, og så sant eg ikkje har telefonen på lydlaus prøver eg å ta den og vera hyggjeleg. Det gjorde eg denne torsdags føremiddagen, og nokolunde ordrett gjekk samtalen slik:
Eg seier det er Tomas frå Kvinnheringen.
I andre enden høyrer eg: This is James from Microsoft, you have a problem with your computer.
– Ok, what is the problem? spør eg på min lusne engelsk.
– You have problem with the internet-access and we have to help you sir, seier karen i andre enden.
– Oh thank you, what shall I do? spør eg.
– What can you see on your desktop? seier mannen på klassisk indisk-engelsk.
– I can see the Google icon, the program "Word" and the trash can, svarar eg svært høfleg.
– Ok, but can you see the Windows icon on your keyboard? held indaren fram, og er svært så hyggjeleg.
– I can see the icon, fortel eg.
– Very good, very, very good. If you want your computer to be functional, you now have to help me, seier røysta som ringer frå eit norsk nummer.
– I will help you, seier eg.
– Can you now push the Windows-button and R on your keyboard, this is very important, and we can afterwords tell you what you shall write on your computer.
– Great, I have pushed the buttons, fortel eg.
Indaren er kjempelukkeleg og nøgd med meg, og spør meg kva eg no kan sjå på dataskjermen.
– I can see Santa Claus, svarar eg då.
Dette tek ikkje herre frå India eller England med god tone.
– Now you can see a big d... on your computer (eg vågar ikkje skriva akkurat kva han sa). Put it in your mouth and go to hell, seier han før han kleiser på røyret.
Det var takken for å vera hjelpsam.
PS: Det er visst mange som får slike telefonar for tida, og oppmodinga er klinkande klar: Legg på røyret.