Onsdag føremiddag melder Vest politidistrikt på Twitter at det har vore ei akeulukke i Fjellhaugen. Ulukka blei varsla klokka 10:30.
To tenåringar er involverte og begge er ifølgje politiet vakne og medvitne.
«Dei har ramla ned i eit hol som er 1–2 meter djupt, men er oppe no. Naudetatane rykkjer ut», skriv politiet.
Dagleg leiar i Fjellhaugen skisenter, Kent Are Petterson, viser til politiet.
– Det einaste eg kan seia er at det har vore eit uhell i skibakken, og at politi og AMK er varsla, seier Petterson til Kvinnheringen.
Det er skuledag i skitrekket og Røde Kors er på vakt, bekreftar han.
Politistasjonsjef i Kvinnherad, Sigurd Børve, opplyser til Kvinnheringen at begge ungdomane er frakta til sjukehus i ambulansebilar. Begge skal ha vore medvitne etter hendinga, seier han. Utover det kan han ikkje seia noko meir om skadebildet.
– Dei pårørande er varsla, seier Børve, som sjølv er på staden.
– Det er fleire skular her oppe i dag. Dei to ungdomane fekk raskt helsehjelp. Vi har ikkje full oversikt enno, men skal undersøka nærmare kva som er skjedd, avsluttar Børve.