– Vi skal setja ut lakseegg i elva her, seier Eline Albrethson frå biologigruppa til KVV, på feltoppdraget i Steinparken.
Det var fjorten elevar som tysdag hadde i oppdraget å setja ut lakseegg frå villaks i Melselva i Rosendal. Medelev Kristine Eikemo Røstbø forklarer at lakseegga skal setjast ut i elva i små plastboksar, og vil bruka rundt ein månad på å klekkja.
– Om nokre månadar vil det vera fisk her og i august/september skal boksane hentast inn att, seier elevane.
Dei forklarer at boksane då forhåpentlegvis er tomme, for det betyr at egga har blitt klekt og at laksen har sumd ut.
– Dette er starten på biologiklassen sitt prosjekt om villaks. Vi får karakter på same måte som ein skuleprøve, sjølv om det skjer ute av klasserommet. Det er ein god ekskursjon i lokalmiljøet, seier medelev Joakim Askeland.
Planta egg
Elevane planta tysdag ut 6.000 egg frå villaks. Dette er egg som er reine for gen frå oppdrettslaks og som er overskotsmateriale frå Genbanken Hardangerfjord. Sven-Helge Pedersen har med seg vadarar og støvlar til elevane og set seg midt ut i elva for å visa korleis ein best skal planta rogna. Han forklarer at gropa må vera dobbelt så djup som sjølve boksen, og at elevane må vera nøye med val av stad.
– Tenk som ein laks! Kor ville eg lagt egga mine dersom eg var ein laks? Hugs at det viktigaste i livet for ein laks er å leggja egg, å formeira seg. No gjer vi denne jobben for laksen, så det er eit stort ansvar, og vi må gjera det skikkeleg.
Villaksens år
– Det står dårleg til med villaksen. Rundt halvparten av all laks på våre kantar er no ispedd genar frå oppdrettslaks. Det biologiklassen gjer her, er å prøva å hjelpa naturen med å få å opp antalet på villaks i elva, seier Kjersti Holmedal, faglærar i biologi.
Ho fortel at det er villaksen sitt år i år, og biologigruppa sitt arbeid er i samarbeid med Havforskningsinstituttet, Veterinærinstituttet og Genbanken.
– Bevaring av det biologiske mangfaldet er på timeplanen vår. Her ser elevane teorien frå faget i praksis, seier Holmedal.
No skal elevane laga ein stor rapport om villaksen, men først skal dei dissekera fisk.