Ternen sine jenter til topps i turnering

(f.v. bak) Sofie Ness, Gabrielle Kolosinskaite, Ingeborg E. Ersland, Vilte Kolosinskaite, Madly Skarveland, Adele Askeland, Maria E. Ersland, Hedda Elisabeth Heimvik.
I helga gjekk jentene i Ternen IL til topps i B-sluttspelet på Sandar cup.
Denne helga reiste åtte kampklare jenter frå Utåker til Sandefjord for å delta på årets Sandar cup. Helga blei ei suksess og jentene kunne jubla over både finalesiger og pokal.
Siste kamp i jentene sitt cupeventyr gjekk mot Holmen IF, kor Ternen leda 1–0 fram til berre sekund før domaren blåste.
Det førte til nokre nervepirrande ekstraomgangar, og godt ut i andre ekstraomgang kom høgdepunktet i turneringa, då Maria Eikemo Ersland scora 2–1-målet i golden gold.
Då kunne åtte slitne, men glade jenter, og supporterane på sidelinja, sleppa jubelen laus.
Dei åtte jentene, som konkurrerer i 13-årsserien, har eit alderspenn frå 12 til 14 år, og har spelt saman i fleire år. Dei er nærmast uslåelege, og på fjorårets Bø-cup var det ikkje eitt lag som klarte sigra over dei.
Ternen vann alle kampane i førre serie, og er snart klare til å ta fatt på haustsesongen. Også i år har dei så langt vunne alle kampane sine.
Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!
Kommentarer til denne saken