Nokre band er absolutt verd å høyra fleire gonger, The Real Thing er eitt av dei. Laurdag 26. oktober bør ein kryssa av i kalenderen og ta turen til Husnes kulturhus, for då entrar dette bandet scenen i kinosalen. Alle blues- og jazzinteresserte vil garantert få ei stor musikkoppleving denne kvelden.
Dette norsk-svenske souljazzbandet, med base i Oslo, har hatt stor suksess med sin utadvendte og svingande stil. Dette er, i følgje dei sjølve, bandet som aldri går av scenen i tørr smoking! Dei gjev med andre ord alt under konsertane sine. Kvartetten debuterte i 1992 med albumet The Real Thing og har gjeve ut fleire album seinare. Musikken dei spelar er for det meste orginalt materiale og er ei blanding av Blue Note-jazz (til dømes Jimmy Smith, Georg Benson og Wes Montgomery) og element frå moderne populærmusikk. Resultatet er ei blanding av swing, blues, funk og rock utøvd av nokre av dei beste musikarane Noreg har.
Etter at bandet gjekk i dvale nokre år, frå 2004 til 2010, samla dei seg att og har sidan reist land og strand rundt med sin fengande hardtsvingande orgelbaserte souljazz. At dei har selt over 55.000 album, seier også sitt.
Husnes Jazzklubb håpar at mange finn vegen til kulturhuset denne kvelden.
Bandet består av: Staffan William-Olson (gitar), Paul Wagnberg (Hammondorgel/B3), Hermund Nygård (trommer), Dave Edge (saxofon).
Husnes Jazzklubb