Thomas (34) frå Husnes: – Når ungar seier dei drøymer om å bli brannkonstabel når dei blir store, kjenner eg meg ekstra stolt over å få bera uniformen min

Thomas Hallquist jobbar som branninspektør på førebyggande avdeling i Kvinnherad brann og redning. Han fortel at heilt sidan han tok røykdykkarutdanninga i 2008 har han vore over snittet interessert i brannyrket.