På grunn av covid-19 vert det i år eit litt annleis arrangement. Ifølgje retningslinjene og regjeringa sine oppdaterte nasjonale smittevernstiltak frå 30. januar, er det ikkje lov å arrangera skikonkurransar for personar eldre enn 20 år.

Derfor blir årets Kvinnheradmeisterskap for deltakarar frå 8-20 år, skriv Ternen i pressemeldinga om arrangementet.

– Me håpar på forståing for dette. Kommunelegen var tydeleg på at dette måtte følgjast for å kunna arrangera i tråd med føringane. På bakgrunn av dette må også alle som deltek på arrangementet, dette gjeld også publikum, melda seg på eq-timing. Vi har då ei god oversikt med tanke på ei eventuell smittesporing, som også er eit krav for å arrangera i desse tider, skriv Ternen.

Sjølve renndagen vert det open kiosk, og opne toalett.

– Vi gler oss til årets Kvinnheradmeisterskap, og håpar mange unge deltakarar stiller til start! skriv IL Ternen.

Deltakarar og publikum kan melda seg på her.