Til helga skal opp mot 350 personar få oppleva livekonsertar på Torgplassen samstundes: – Ønskjer at flest mogleg tar kontakt på førehand
Artikkelen er over 1 år gammel
– Ein annleis måte å arrangera på, og mykje å ta omsyn til, men forhåpentlegvis blir det veldig kjekt, seier Trond Betten i Showbasen, som har tatt på seg den mildt sagt krevjande oppgåva med å arrangera livekonsert for eit større tal menneske i denne spesielle pandemitida.