Inviterer til tilflyttarsamlinga 2015

Frå tilflyttarsamlinga i 2012, i samfunnshuset i Rosendal. (Arkivfoto).

Frå tilflyttarsamlinga i 2012, i samfunnshuset i Rosendal. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 4 år gammel

– Manglar du invitasjon til tilflyttarsamlinga 2015? Me har ikkje gløymt deg. Folkeregisteret har ved ein feil berre sendt oss dei som flytta til Kvinnherad i juni og juli, skriv Kvinnherad Næringsservice i ei pressemelding.

DEL

Kvart år arrangerer Kvinnherad Kommune saman med Kvinnherad Næringsservice ei samling for dei nytilflytta. Dette for å ynskja formelt velkommen til kommunen, og gje rom for erfaringsveksling og bli kjend med frivillige lag og organisasjonar. I år reagerte arrangørane på at det var utruleg få som flytta til kommunen, og ved nærare ettersyn var det berre talet frå to månader dei hadde fått tilsendt. No når dette heldigvis vart oppdaga, er invitasjonar på veg i posten til alle som har flytta til Kvinnherad hausten 2014 og våren 2015.

– Velkommen til samling på ettermiddagen 15. oktober i festsalen på Kulturhuset Husnes, helser arrangørane.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags