Tilflyttarsamlinga har vore ein tradisjon i mange år, og skulle finna stad i Kulturhuset Husnes onsdag ettermiddag. Då skulle lokale lag og organiasjonar, og i tillegg ei nystarta bedrift, presenterast. Det skulle også trekkast ut ein «tilflyttarpris» til ein av deltakarane. Men slik blir det ikkje:

– Med tungt hjarte må vi utsetja tilflyttarsamlinga. På grunn av auka koronasmitte i samfunnet kring oss, vel Kvinnherad Næringsservice og Kvinnherad kommune no å vera ekstra forsiktig med arrangement. Etter råd frå kommunelegen og dei beredskapsansvarlege i kommunen, vert difor tilflyttarsamlinga utsett til smittesituasjonen i samfunnet kjem på eit lågare nivå, skriv næringslos Frode Hetlevik i Kvinnherad Næringsservice ei pressemelding.

Han legg til at han håpar folk har forståing for situasjonen, og at han kryssar fingrane for at ein skal få til samlinga i løpet av vinteren. Det vil då bli sendt ut invitasjon på nytt.

– Eg håpar du vil vera med oss når vi inviterer til samling seinare! avsluttar Hetlevik.