ODDA (Hardanger Folkeblad): Det opplyser Helse Fonna i ei pressemelding.
Smittesporing og kartlegging av nærkontaktar er sett i gang, i tett samarbeid med kommunehelsetenesta.
Drifta ved Odda sjukehus går som normalt, men ein tek høgde for at det kan bli redusert drift i helga, som følgje av at kollegaer må i karantene.
- Førebels veit vi ikkje omfanget av dette, men vi har planane klare for å leggje om drifta i løpet av kort tid dersom det skulle bli behov for det, opplyser seksjonsleiar ved Odda sjukehus, Kari Marie Tjelmeland.
Helse Fonna opplyser at dei vil komme tilbake med meir informasjon i løpet av ettermiddagen.
Ordførar i Ullensvang, Roald Aga Haug, opplyser at det er ein innbyggar busett i kommunen som har påvist smitte.
- Vedkomande sine nærkontaktar er under kartlegging og skal testast. Kommunen har sett i verk smittesporing, seier Haug.
Hardanger Folkeblad skreiv fredag kveld at 12 tilsette ved Odda sjukehus no er i karantene.
Denne saka er henta frå Hardanger Folkeblad.
