Gå til sidens hovedinnhold

Tilsett ved sjukeheim testa positivt

Kvinnherad kommune melder onsdag om nok ein ny positiv covid-19-test i kommunen.

På nettsida si skriv kommunen at det er ein tilsett ved Rosendalstunet som har testa positivt.

– Smittesporinga er i gang, og aktuelle medarbeidarar er i karantene. Dei aller fleste bebuarar og tilsette er vaksinerte, skriv kommunen.

Avdelinga det gjeld er no stengd for besøkande.

Les også

Regjeringa innfører massetesting i skulane

Kommentarer til denne saken