22-åringen frå Husnes besøkte klubben tidleg i mars.
Dortmund tronar øvst i den tyske toppdivisjonen og står berre med eitt tap så langt i sesongen.
Då Kvinnheringen møtte Abdulla heime på Husnes i august, fortalde ho om den store utanlandsdraumen sin. Sju månadar seinare er ho no klar for utanlandseventyret.
Abdulla har skrive ein toårskontrakt med den tyske storklubben.
– Det er veldig stort. Eg var eigentleg ikkje førebudd på dette. Tanken var at eg nok kom til å bli i Tertnes eitt år til, seier Tina til Kvinnheringen.
– Men plutseleg kom det nokre tilbod for rundt to månadar sidan. Det var eit anna ganske spennande tilbod frå Danmark, men så dukka dette opp, då var det ingen tvil, fortel ho.
– Kvifor er denne klubben riktig for deg?
– Laget har gjort det så bra, og det kan bli Champions League om det held fram. Så er det kult å gjera noko litt anna. Mange reiser frå Norge til Danmark for å starta utanlandskarrieren. Eg er litt eventyrlysten og har lyst å læra meg eit nytt språk, fortel Tina, og held fram:
– Dei har vore ivrige på å få meg hit. Dei har eit langtidsprosjekt, men har overraska alle med resultata i år. Eg har også fått eit veldig bra inntrykk av trenaren. Dei har økonomien og ting på stell. Det er ein spennande klubb med eit prosjekt eg fekk veldig lyst å vera med på.
22-åringen flyttar åleine til Tyskland etter fire sesongar i Tertnes.
– Dette er ein draum. Blir det Champions League er det heilt sjukt. Det er det dei fleste som spelar handball har lyst til, seier Tina.
– Kva veit du om den tyske ligaen?
– At det er tøffare enn i Norge. Den er kanskje meir fysisk enn i Danmark, mens det i Danmark går litt fortare. Eg har ikkje så god kontroll på laga, men det kjem vel etter kvart.
– Kva trur du dette har å seia for sjansane dine for a-landslagsspel?
– Ein god del, håpar eg. Grunnen til det, er at eg kjem ut av komfortsona mi ved å gjera dette. Eg skal bu åleine der nede. I tillegg så får eg spela med mange av Nederland sine landslagsspelarar, som er regjerande verdsmeistrar. Forhåpentlegvis vil det gjera at eg tar nye steg og utviklar meg som handballspelar.
Abdulla var på utgåande kontrakt hos Tertnes. Ho synest det er trist å forlata bergensklubben og lagvenninnene sine.
– Det blei mange tårer då eg fortalde det. Eg har hatt ei veldig fin tid i Tertnes. Vi har hatt ein fantastisk trenarduo, som eigentleg har betydd alt for at eg er her i dag, avsluttar ei vemodig Tina.
Saka held fram under.

Harald og Marita frå Halsnøy ser barnebarnet herjar i EM: – Skjønte ikkje kor god han kom til å bli
– Skulle hatt ho med vidare
Tertnes-trenar Tore Johannessen synest det er dumt å mista sin høgre kantspelar.
– Når spelarane kjem på eit sånt nivå, blir det interesse. Vi har innsett at dette er måten vi må jobba på, sjølv om eg gjerne skulle hatt Tina med vidare, seier Johannessen til Kvinnheringen.
Johannessen fortel at Husnes-jenta har hatt jamn utvikling heilt sidan ho blei Tertnes-spelar.
– Ho er flink å jobba med små detaljar i spelet sitt. Ho er blitt endå tryggare i avslutningane sine, men er først og fremst blitt ein skikkeleg god forsvarsspelar, fortel Tertnes-trenaren.
– Er dette riktig steg for ho no?
– Det er vanskeleg å seia. Det må ho kjenna på sjølv. Mitt inntrykk er iallfall at dette er ein klubb som vil satsa på ho. Det er viktig at ho kjem til ein stad der ho får speletid. Ho har enno ting å bli betre på. Eg trur dette kan bli bra.
– Kor bra er den tyske ligaen og Dortmund?
– Ligaen er ikkje heilt i verdstoppen, men dei to-tre beste laga har hevda seg i europacupane. Det ser ut som at Dortmund er ein klubb som ønsker å satsa. Eg trur absolutt dette er ein bra stad å gå til.
I november 2018 blei Abdulla teken ut til rekruttlandslagssamling for første gong. Johannessen er tydleg på at 22-åringen må halda fram utviklinga si for å ta steget frå rekruttlandslaget til a-landslaget.
– Det er ikkje automatikk i at det går bra når ein reiser til utlandet. Det er viktig at ho får utvikla seg vidare, og det gjer ho dersom ho får spela mykje og vera med i Champions League. Det kan gi ho moglegheita på landslaget.
