Kvar månad presenterer Norsk Topphåndball eit fiktivt topplag i Rema 1000-ligaen basert på handballspelarar som har utmerka seg. Laget er tatt ut basert på tilbakemeldingar frå trenarar, fagjuryen i hall og statistikk.

Og på november-laget i kåringa er Tina Abdulla, husnesingen som spelar på Tertnes, plukka ut.

– Kjærasten min såg det og tipsa meg. Det er heilt klart stas å få vera i eit slikt selskap, og føla at det ein utrettar blir lagt merke til, kommenterer Tina til Kvinnheringen.

Tertnes skriv på si heimeside at det har vore ein god haustsesong for Tina:

– Ho har scora 35 mål, og i tillegg er det gledeleg å sjå at ho har teke store steg defensivt. Gratulerer med utmerkinga til Tina, og til dei andre spelarane som blei tatt med i kåringen, skriv Tertnes.

– Eg følte denne sesongen begynte litt trått , men så losna det etter kvart. No føler eg at eg er godt i gang, og eg gler meg til fortsetjinga, seier Tina til Kvinnheringen.