No kjem tivoliet til Husnes

Bildet er frå då det var tivoli på Husnes i 2013. (Arkivfoto).

Bildet er frå då det var tivoli på Husnes i 2013. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

I morgon, torsdag, kjem Skandinavien Tivolipark til båthamna på Husnes – og barnehageborn får æra av å ta dei første karusellturane gratis.

DEL

Medan foreldre nok blir svimle både av tanken på karusellar og kva det vil bety for lommeboka, er nok tivoli noko av det kjekkaste i verda for born og unge. Og denne helga kjem Skandinavien Tivolipark tilbake til Husnes igjen, og har ope torsdag, fredag, laurdag og søndag.

Tidlegare har tivoliet hatt base der den nye Rema 1000-butikken står, men i år skal det vera ved Husnes båthamn i staden. I år har dei med seg to nye barnekarusellar, nye sklier og hoppeborger, i tillegg til andre karusellar og spel, sukkerspinn, popcorn og andre ting som høyrer med til eit tivoli.

Torsdag får alle barnehagar testa tivoliet gratis før det opnar for andre.

– Vi har òg hatt stort påtrykk frå ungdommar som ville vi skulle komma til Husnes, så då måtte vi ta turen, fortel Roy Andersen frå det norske tivoliet frå Greåker i Østfold.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags