«Vårteikn»: Tjuveri av motorar

Politibetjent Torgeir Fosse ber folk sikra båtmotorane sine. (Akrivfoto).

Politibetjent Torgeir Fosse ber folk sikra båtmotorane sine. (Akrivfoto). Foto:

Eit sikkert vårteikn for politiet er meldingar om tjuveri av båtmotorar.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Derfor ber politiet folk om å både sikra og sjå til motorane sine.

– Dei siste vekene har vi fått meldingar om to ulike tjuveri i Lyngstrand–Ænes-området. Det er grunn til å minna folk på om at dei må prøva å sikra eigedommane sine så godt som mogleg, ved å låsa inn eller låsa fast motorar. Ikkje la det stå ope og synleg, til dømes på ein hengar, slik at kven som helst kan «forsyna seg». I tillegg bør ein sjå til utstyret, eller få andre til å sjekka for seg. Det er ikkje så lett å etterforska slike tjuveri viss ein ikkje veit om dei skjedde nyleg eller for tre veker sidan, seier politibetjent Torgeir Fosse.

Artikkeltags