Denne båten blei stolen frå Kalven før helga. Har du sett den?

Har du sett denne båten? Den forsvann frå Kalven natt til fredag 19. juli. (Foto: Privat).

Har du sett denne båten? Den forsvann frå Kalven natt til fredag 19. juli. (Foto: Privat).

DEL

Båten på bildet blei stolen ved Kalven nær Snilstveitøy utanfor Rosendal natt til fredag førre veke. Eigaren oppdaga det på fredagen, og meldte tjuveriet til politiet.

Båten er ein skjergards-jeep av typen Viksund 600 Marlin Sport, og hadde ein 40 hestar Suzuki-motor. Skrogfargen er kvit, med ei mørk stripe under fenderlista. Vedkommande som stal båten stal også med seg to bensinkanner, og prøvde å ta ein annan båt som låg i nærleiken.

Dagen før prøvde politiet å få tak i ein person som såg ut til å bryta seg inn i eit naust i Rosendal, men vedkommande stakk frå staden. – Vi ser på om desse to sakene kan ha ein samanheng, og ber folk om å ta kontakt viss dei har opplysningar, seier fungerande lensmann Torgeir Fosse til Kvinnheringen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags