Mannen sa han ville kjøpa motorsykkelen, men stakk av med den utan å betala

Det var denne motorsykkelen Torgeir Guddal la ut for sal på Finn.no, og som mannen som utgav seg for å vera kjøpar, stakk av med. (Foto: Privat).

Det var denne motorsykkelen Torgeir Guddal la ut for sal på Finn.no, og som mannen som utgav seg for å vera kjøpar, stakk av med. (Foto: Privat).

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Søndag kveld opplevde Silje Kvamsdal Guddal, som bur på Seimsfoss, det frekkaste tjuveriet nokosinne.

Mannen hennar, Torgeir Guddal, la ut motorsykkelen sin, ein Yamaha XTR660, for sal på Finn.no for ei tid sidan. Søndag ringte ein kar i 13-tida, som sa han ville sjå på sykkelen. Fordi Torgeir skulle på jobbreise den dagen, avtalte han med kona Silje at ho skulle møta «kjøparen» seinare på ettermiddagen.

– Eg fekk ei melding av denne karen der han spurde kor vi budde. Han kalla seg «Richard». Han sa han skulle komma med ein gong, men brukte lang tid, og dukka opp i halv sju-tida. Det er rundt ein kilometer å gå opp til oss frå vegen, og han kom til fots. Han hadde berre ei tynn jakke på seg, og eg tenkte det var lite klede til å køyra motorsykkel i, men han sa han hadde bil med hengar ståande nede ved vegen. Han sa også at han hadde 40.000 kroner i kontantar i lomma, og at han ikkje ville gi «eit øre meir» for sykkelen. Det tenkte eg no var greitt, for det var det som var avtalt pris, fortel Silje til Kvinnheringen.

Mannen, som såg ut til å vera i starten av 30-åra, sa han ville prøvekøyra motorsykkelen, og spurde om å få låna hjelmen til Torgeir. Han lurte også på kor mykje bensin det var på tanken.

– Eg svara at det ikkje var så mykje, men at det var nok til ein liten prøvetur.

Mannen heiv seg på sykkelen og køyrte ned bakken, kvelte den eit par gonger, og forsvann.

– Det gjekk eit kvarter, og eg tenkte at no burde han no komma tilbake snart. Men då det var gått ein halvtime og så tre kvarter, prøvde eg å ringa telefonnummeret han hadde sendt melding til oss og ringt frå. Det ringte nokre gonger, men eg fekk ikkje svar. Då eg prøvde igjen var telefonen avslått, fortel Silje, og ho skjøna at ho truleg hadde blitt rundlurt. Telefonnummeret står ikkje registrert på noko namn.

Silje ringte så svigermor si, som bur litt lenger ute, for å spørja om ho hadde sett mannen, men utan hell. Sidan Torgeir var på reis ringte ho kameraten hans for å spørja han til råds, og han sa ho måtte ringa politiet. Det gjorde ho rundt klokka 20 på kvelden.

– Eg burde sikkert meldt frå tidlegare, men eg ville gi det litt tid. Han kunne jo ha krasja eller fått problem med sykkelen. Eg var både skjelven og hadde ei ekkel kjensle. Eg var jo åleine, kva om han dukka opp igjen seinare på kvelden? I tillegg følte eg meg dum som berre lét han ta sykkelen og ikkje bad om å få sjå ID eller førarkort. Men ein trur jo ikkje at slikt skal skje, at nokon menneske er så frekke! Heilt utruleg at ein ikkje kan stola på folk. Eg har aldri opplevd noko liknande, sukkar Silje.

Ho fekk hjelp til å leggja bilde av sykkelen med tekst om at den var stolen ut på sosiale medium, og fekk venene sine til å dela saka. Då fekk ho tilbakemelding på at mannen var observert ved Furebergfossen. Då ho ringte Best-stasjonen i Dimmelsvik fortalde dei tilsette der at mannen hadde vore innom og fylt bensin, og at dei hadde han på overvakingskamera.

– Mannen og sykkelen er sikkert «long gone», så det spørs om vi får dei pengane igjen. Det er surt, innrømmer Silje.

Etter at ho skjønte at mannen hadde stole sykkelen var ho ute og låste bilar og garasje.
– Eg tenkte: Han skal i alle fall ikkje få stela meir av meg!

Politiet åtvarar

Lensmann Jan L. Fosse ved Kvinnherad lensmannskontor seier politiet vil gjera det dei kan for å finna motorsykkelen og mannen igjen.

– Saka er registrert, og vi skal etterforska den. Vi har nokre spor å gå etter, og tar gjerne imot tips om nokon har sett noko.

Han oppmodar folk til å vera varsame når dei skal selja køyretøy:

– Det er uhyre sjeldan dette skjer i Kvinnherad, heldigvis, men det er svært irriterande når det skjer. Skal du selja køyretøy må du alltid be om førarkort eller identifikasjon, og sørgja for å få betaling før du leverer ut noko.

Han ber også folk om å vera varsame med det dei legg ut på nett, anten dei sel ting via Finn eller på sosiale medium.

– Det finst folk som sit og overvaker slik informasjon med mål om å gjera tjuveri. Skriv du at du er på ferie, og kan kontaktast om 14 dagar, så er det nesten ein direkte invitasjon til tjuvar som då veit at hus og garasje står tomme. Ikkje legg ut bilde av bilen eller sykkelen tatt i ein garasje fylt med dyrt utstyr, eller frå eit hus fylt med tv-ar eller andre ting som ein ser i bakgrunnen. Tenk over kva informasjon du gir andre på nettet, åtvarar lensmannen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken