Fire fagkomitear har kome med innstilling til tildelingane.

– Kvart stipend er på 40. 000 kroner og er meint å gi profesjonelle kunstnarar, både nyutdanna og etablerte høve til utvikling, fordjuping eller fagleg påfyll, skriv Vestland fylkeskommune på nettstaden sin.

Blant dei heldige i denne tildelinga finn ein to kvinnheringar. Desse er attpåtil sambuarar, nemleg filmskaparen Merethe Offerdal Tveit og musikaren Christian Meaas Svendsen.

Jobbar med soloprosjekt

Svendsen fortel til Kvinnheringen at stipendet er av stor betydning.

– Stipendet frigjer tid til å berre vera heima og jobba kunstnerisk. Det eg hovudsakleg lever av er å spela, så det å få sett av tid til å jobba med prosjekt heima, betyr veldig mykje for meg.

– Kva slags prosjekt er det du jobbar med no?

– Eg held på med mange prosjekt, men dette stipendet går til vidareutvikling av soloprosjektet mitt, eit prosjekt som også var ein del av masterarbeidet mitt og som har vore ein langsam prosess.

– Eg har berre så vidt skrapt overflata av det, og gler meg til å gå i gang med det igjen.

Ei førebels taking av prosjektet vil bli gitt ut som ein dobbel LP og ein enkel CD til våren, gjennom Svendsen sitt eige plateselskap Nakama Records.

– Veldig kjekt

Også den filmskapande sambuaren hans ser svært positivt på støtta.

– Det betyr jo mykje, mellom anna at eg verkeleg har kome ein plass i karrieren min. For det er jo slik med dette stipendet at ein skal kunna visa til ting ein har gjort, og ein må ha opparbeidd seg ein portefølje før ein kvalifiserar seg til dette stipendet, fortel Tveit og held fram:

– Det er veldig kjekt at eg no er i det gode selskapet som får dette stipendet.

Tveit er for tida i klippeprosessen med den siste dokumentaren sin, som omhandlar «Gryteviks-Olino». Målet er at den skal bli ein episode i eit seriekonsept som tek fram spesielle soger frå Norskekysten.

– Med stipendet er tanken å jobba meir med dette seriekonseptet, og finna nokon som er interesserte i å samarbeida med meg, sluttar filmskaparen.

Lista under viser alle som får støtte frå Vestland fylkeskommune, innanfor kvar kategori.

Visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design):

Grete Unstad, Sarah Jost, Kristina Aas, Emilie Wright, Beate Einen, Kaeto Sweeney, Unn Devik, Bjørn Venø og Åse Løvgren

Scenekunst (inkl. dans):

Roseanne Dos Reis, Berit Einemo Frøysland og Marit Loe Bjørnstad

Litteratur og film:

Merethe Offerdal Tveit, Erlend O. Nødtvedt, Arnfinn Kolerud og Jade Hærem Aksnes

Musikk:

Berit Opheim, Christian Meaas Svendsen, Erlend Tvinnereim, Vilde Tuv, Eline Rafteseth og Warith Salti