To nye smitta – var allereie i karantene

DEL

Torsdag morgon melder Kvinnherad kommune på nettstaden sin at to nye personar har testa positivt for covid-19.

Kommuneoverlege Glenn A. Opland opplyser at smittesporing er gjennomført.

– Det blei gjort onsdag kveld og var ukomplisert. Begge to var allereie i karantene etter å ha vore nærkontaktar, seier Opland til Kvinnheringen.

Dei to personane er dei første frå Kvinnherad som får påvist covid-19-smitte etter høgtida og nyttårsfeiringa. To utanlandske arbeidarar som er komne til Kvinnherad fekk tysdag melding om at dei var smitta etter å ha testa seg hos ei bedriftshelseteneste på Husnes.

Torsdag føremiddag får dei første personane i Kvinnherad vaksine mot covid-19. Det skjer ved Husnestunet.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken