To nye smittetilfelle i Kvinnherad

To utanlandske arbeidarar testa positivt for covid-19. Totalt sit 31 personar frå gruppa deira i karantene og isolasjon.

DEL


Kvinnherad kommune melde om dei to nye smittetilfella på nettstaden sin tysdag morgon. Dei to er dei første stadfesta tilfella i Kvinnherad sidan 23. desember.

Kommuneoverlege Glenn A. Opland opplyser til Kvinnheringen at det er to utanlandske arbeidarar som har testa positivt for covid-19.

Smittesporing er gjennomført.

– I ei gruppe på 31 arbeidarar som testa seg, har to fått påvist viruset. Resten sit i karantene og skal testa seg igjen om ei veke. Forholda har vore ganske ryddige i og med at dette er ei gruppe arbeidarar. Dei har til dømes hatt felles transport frå flyplass og slike ting, seier Opland til Kvinnheringen.

Arbeidarane har testa seg hos ei bedrifthelseteneste, fortel Opland.

Kommuneoverlegen blir ikkje overraska om det kjem tilbake fleire positive prøvesvar etter høgtida.

– Eg håpar ikkje det, men det kjem nok nokon til, vil eg tru.

– Korleis er situasjonen ved testteltet denne veka?

– Måndag testa 70–80 personar seg. Det er ganske bra.

Opland opplyste til Kvinnheringen måndag at det i veke 51 var 100 som testa seg, i veke 52 79 personar og i veke 53 82 gjennomførte testar.

Dei første vaksinedosane kjem til kommunen onsdag, og etter planen skal dei første i Kvinnherad få vaksinen torsdag denne veka.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken