To personar sende til Haukeland etter alvorleg båtulukke

DEL

Det fortel Sigurd Børve ved Kvinnherad lensmannskontor.

Natt til søndag, rundt klokka 02, fekk politiet melding om at ein fritidsbåt med to personar om bord hadde køyrt på land ved øya Sild, mellom Varaldsøy og Enes.

– Vi klarte etterkvart å finna begge, og den eine var kraftig nedkjølt og er rekna som hardt skadd. Begge blei sende til Haukeland universitetssjukehus, seier Børve.

(saka held fram under bilde)

Det er framleis for tidleg for politiet å seia om det er mistanke om promille, og omstenda rundt ulukka er endå uklare. Det var ein fritidsbåt i underkant av 20 fot som gjekk på grunn, ifølgje Bergens Tidende.

– Det var ein omfattande aksjon som blei sett i gang, og som involverte både helsepersonale, brannvesen, politi, frivillige og Hovudredningssentralen, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt til avisa.

Kvinnheringen kjem tilbake med meir.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken