I skarp konkurranse med mange andre lokalaviser i landet var det Kvinnheringen som kom sigrande ut då Landslaget for lokalaviser (LLA) delte ut «Marknadsprisen 2014» og prisen for "Årets avisside". Det skjedde under landsmøtet i Trondheim denne helga.

Begge prisane vart gitt for den omtala «notisavisa» frå 3. september i fjor. "Marknadsprisen" galdt heile avisa, medan "Årets avisside" vart gitt for førstesida. Dette er kva juryen seier i grunngjevinga si:

«Med ei avisutgåve stort sett berre med notisar og småannonsar, løftar Kvinnheringen fram ein viktig del av lokalavisenes særpreg. Både gjennom notisane og småannonsane overraskar Kvinnheringen lesarane sine med ei avis som blir lagt veldig godt merke til, og som vitnar om at avishuset har flinke og kreative medarbeidarar – som samarbeider godt på tvers av fagområda. Det trur vi gir god økonomisk avkastning også over tid. Ideen og gjennomføringa av notisavisa er i ein eigen klasse, og Kvinnheringen fortener LLAs marknadspris for 2014».

Redaktør Tomas Bruvik uttrykkjer stor glede over prisen.

– Eg er ufatteleg glad for prisen. Den viser at det er lov å tenkja litt utanfor «boksen». Den litt sprøe ideen skapte engasjement. Nokre likte det, andre ikkje. Uansett er det viktig å gjera noko som ikkje er A4 av og til. Avisa har dyktige folk som er glade i å gjera noko uventa innimellom. Fantastisk artig er det òg at annonsørane er med på slikt. Ein pris til både oss, lesarane og annonsørane våre. Knallgøy! helsar redaktøren.