VOLLEYBALL: Strand-Ulv-spelar Henrik Tholo Aasen er tatt ut på juniorlandslaget. Det melde volleyballforbundet på nettstaden sin tysdag.

Dagen etterpå blei endå ein Strand-Ulv-spelar plukka ut til landslagssamling. Den noko yngre Lars Kristian Ekeland skal vera med ungdomslandslaget som òg skal samlast i Oslo mellom 13. og 17 april.