To tredelar av fastlegane i kommunen vil vera pensjonerte i løpet av 15 år: – Grunn til å jobba hardt

Snittalderen på fastlegane i kommunen er på om lag 51 år. Innan dei neste 15 åra, vil meir enn to tredjedelar av fastlegane ha nådd normal pensjonsalder på 67 år. Einingsleiaren er ikkje bekymra, men meiner ein må jobba hardt for å finna løysingar.