Slik står det å lesa i nytt punkt 4 i vedtaket formannskapet gjorde på torsdag.

Svak økonomi var utgangspunktet for ei ekstrasak om Folgefonnsenteret. Både administrasjonen og politikarane er villige til å hjelpa senteret ut av krisa, men stiller samtidig tøffe krav. Både ordførar og varaordførar vart erklært inhabile i debatten, ettersom desse høvesvis er leiar og personleg vara for leiar i styret for Stiftinga Folgefonnsenteret. Dette førte til at Leif Sverre Enes (H) fekk debutera som ordførar for ei lita stund.

I debatten som følgde kom det mange rosande ord om senteret frå alle politiske hald, men med ein klar undertone av at drifta ikkje kan halda fram med raude tal.

– Både Havforskningsinstituttet og Bjerknessenteret viser liten vilje til å bidra med pengar. Dermed er det vi som må trø til, opplyste kommunedirektøren.

Bjerknessenteret er ein av stiftarane, saman med kommunane rundt Folgefonna Nasjonalpark. Havforskningsinstituttet er utstillar.

Ein halv million og dagleg leiar

Hovudpunktet i saka var å gi ei eingongsstøtte på ein halv million kroner til senteret. Dette vart vedteke, men følgt av visse krav. Styret vert bedt om å tilsetja dagleg leiar straks. Politikarane ønskjer at den 40 prosent-stillinga som reiselivsmedarbeidaren hittil har hatt for Besøkssenter nasjonalpark Folgefonna, betalt av Miljødirektoratet, vert overført til dagleg leiar, slik at sistnemnde jobb kan gjerast til full stilling. Samtidig vil politikarane auka opp stillinga som kommunalt tilsett reiselivsmedarbeidar frå 60 til 100 prosent, framleis med fast base og del av det daglege teamet i Folgefonnsenteret. Vidare vert styret i stiftinga bedt om å laga ny finansieringsplan og realistiske budsjett straks. Formannskapet har forventningar om at ein grundig analyse av kostnader og inntekter vert gjennomført. Dette for å sikra balanse i drifta innan tre år. Vedtaket i formannskapet var samrøystes.

På tampen stilte setjeordførar Enes spørsmål om saka skulle vidare til kommunestyret for endeleg avgjerd. Det fekk den for høvet tilsidesette ordføraren til å be om å få koma med ei saksopplysing.

– Senteret treng pengane no, melde han kort frå tilhøyrarbenken.

Både politikarane og kommunedirektøren kom til at formannskapet hadde nødvendige fullmakter til å gjera det endelege vedtaket. Dermed var saka avgjort.