Dette går fram av ei pressemelding frå Teater Vestland der teatersjefen sitt personlege forhold til romanen blir understreka:

«Teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt fekk Tollak til Ingeborg i julegåve same året som boka kom ut (2020). Seks dagar seinare ringde ho Tore Renberg for å invitera til samarbeid, og han lét seg overtyda av krafta og dei gode intensjonane til teatersjefen i vest. Han brydde seg ikkje om kor vidt Oslo ville ha stykket, og han kallar det ein draum at stykket får reisa rundt på bygdene».

Turneen skjer i samarbeid med Riksteateret og Husnes er éin av 65 stader som får stykket på besøk. Urpremieren skjer i Førde 28. september.

Teater Vestland sin eigen Kyrre Eikås Ottersen står på scena i rolla som Tollek, i lag med Andrine Sæther (Ingeborg), Malene Wadel, Harald Ottesen Nødtvedt og ein skodespelar til som enno ikkje er avklara. Regien er ved Miriam Prestøy Lie.

Populær roman

«Tollak til Ingeborg» har selt meir enn 70.000 eksemplar og det er Tore Renberg sjølv som dramatiserer romanen. Alle som har lese boka vil nikka anerkjennande til denne uttalen frå forfattaren:


«Det er éin mann som aldri hadde kome og sett denne framsyninga, det kan eg garantera deg. Og han heiter Tollak. Men Ingeborg, ho hadde kome!»

Tore Renberg er kjend for sine sterke portrett av vanlege og uvanlege menneske, og ikkje minst norske menn. I «Tollak til Ingeborg» møter vi ein mann som har sterke krefter i seg – til arbeid, til kjærleik og til destruksjon.

«Lesarar og kritikarar var vilt begeistra då romanen kom i 2020. NRK skreiv: «Det er eit uhyre sterkt portrett og eit intenst familiedrama». Det er eit mannsportrett og ei tragisk familiehistorie, men òg ei vakker historie om kjærleik».