Gå til sidens hovedinnhold

Torsdag opnar kunstnar Yngve Henriksen utstilling i Galleri G Guddal

Torsdag 13. mai, på Kristi Himmelfartsdag, opnar Yngve Henriksen utstilling i Galleri G Guddal. Kunstnaren skal sjølv vera til stades under utstillingsopninga.

Første gong vi fekk sjå Henriksen sine vakre måleri i galleriet var i 2006, og seinare i 2011. Men dette er første gongen han kjem til gallerilokala i Guddal:

– Og gjett om du kjem til å møta ein eksplosjon av fargar! Henriksen stiller ut fargesterke måleri, men som er avstemte i forhold til kvarandre. Det er berre å gle seg! lokkar gallerieigar Gøril Guddal i pressemeldinga.

Kunstnaren bur og arbeidar i Lofoten, og her er han også fødd og oppvaksen. Livet og landskapet der er det viktigaste kjeldematerialet. Gjennom arbeida sine formidlar han tilstandsrapportar derifrå.

Tittelen på utstillinga, «Forandringer», refererer til stemningar og overgangar som oppstår når lyset trekkjer seg tilbake. Når landskapet lukkar seg og vert oppløyst, oppstår det eit rom der ytre og indre tilstandar blir forent.

Kunstnaren prøver å formidla fragment av slike tilstandar, der landskapet reflekterer ulike nyansar av vemod og lengsel, sorg og håp. Tilstandsrapportane handlar om mental stadtilhøyre som følgje av den fysiske nærleiken til omgjevnadane.

Utstillinga hans i Galleri G Guddal omfattar måleri utført i tempera/olje på lerret frå dei siste to åra.

Henriksen har si kunstutdanning frå Statens Kunst- og håndverksskole i Bergen (1990) og har sidan vore ein aktiv utstillar i inn- og utland. Både offentlege og private utsmykkingsoppdrag samt innkjøpt av ei lang rekkje offentlege og private verksemder.

– Sidan vi ikkje kan samla mange folk på eitt tidspunkt, blir det ingen opningstale og musikk. Men kafeen er open, kunstnaren er til stades heile dagen og det blir garantert ei fin oppleving! Vi tar smittevernet på alvor og alle skal kjenna seg trygge. Det blir maks 20 personar inne i galleriet om gongen, og besøkande må hugsa å ta på seg munnbind, skriv Gøril Guddal avslutningsvis i pressemeldinga.

Kommentarer til denne saken