Totalt tre smittetilfelle fredag

DEL

OPPDATERT: Rundt klokka 15.40 var det totalt meldt om tre smittetilfelle i Kvinnherad.

Det første tilfellet blei meldt om på morgonen, rett før klokka 10. Den smitta var eit barn, og var allereie rekna som nærkontakt som gjorde at smittesporinga var ryddig. Vedkomande sat alt i karantene.

Like før halv tre blei det meldt om eitt smittetilfelle til. Smittesporing pågår.

Klokka 15.40 blei det meldt om endå eit smittetilfelle, der smittesporing òg pågår.

Dermed var totalen oppe i tre smittetilfelle fredag, meldte kommunen.

– Dei to siste tilfella heng saman med kvarandre, og mellom 15-20 er i karantene. Dei vart testa med hurtigtest i dag, der éin fekk positivt utslag. Resten skal bli testa på nytt igjen på måndag, seier kommuneoverlege Glenn A. Opland.

– Veit vi kor denne smitten kan stamma frå?

– Det er nok sannsynleg at den er importert frå ein annan stad i landet, seier Opland, som fekk ein svært så travel fredag.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken