(Hardanger Folkeblad): Den produktive forfattaren som er busett på Valen i Kvinnherad, er travel. Han har to bøker på beddingen i haust; ein for ungdom og ein for vaksne, og han kjem til Litteratursymposiet i Odda i oktober. Men fyrst skal han stå på scena i Moster Amfi på Bømlo i rolla som nattmannen i stykket Hekseringen som har premiere 4. august.

Nattmannen-rolla er teke frå sakprosaboka Nattmannen, signert Totland. Nattmannen var han som tok seg av avfallet, flådde hester og rydda etter at bøddelen hadde gjort sitt. Dette yrket ble sett på som fullstendig æreløst. Boka Nattmannen handlar om ære og skam, og kva det gjør med eit menneske og ei gruppe å bli sett på utsida av det gode fellesskapet.

NATTMANNEN. Kristian Krogh-Sørensen står for illustrasjonane i boka Nattmannen av Anders Totland.

Når ein nattmann er skrive inn i Hekseringen, var det ikkje så unaturleg å spørja ein som har grave seg ned i feltet, ein fagmann på eit vis.

– Det er ei rar kobling , det der, men det kjennes både gøy og spennande, kommenterer forfattar Totland og forsikrar at han aldri har hatt ambisjonar om å bli musikalskodespelar.

I stykket Hekseringen får vi både sjå og høyra nattmannen. På CVen til Totland står både kokk, journalist, bloggar, forfattar og organist. Men kan han syngja?

– Nei. Men når ein får stå på ei scene i mektige Moster Amfi, og får gode tilbakemeldingar, er det kanskje brukande nok. Eg seier nok ikkje nei om eg skulle få ein ny førespurnad, seier han, men forsikrar:

– Det er uaktuelt å verta heiltids musikalskodespelar.

Hekseringen: Musikalsk ansvarleg Irene Simonsen og Anders Totland i dialog. Foto: Ingebjørg Westre

Totland fortel at då han fekk førespurnaden om å gestalta nattmannen i musikalen, og sa ja, var det snakk om at songane kan hende måtte snakkesyngast sidan han ikkje var songar.

– «Mine» songar er av dei finaste i stykket. Dei kan jo ikkje snakkast! Det er stort å meistre det godt nok. Rolla er litt rufsete og røysta mi er litt rufsete, så det fungerer, seier han og gir HF ein ørliten smakebit over telefon.

I tillegg til å syngja solo, skal han syngja duett. Dessutan skal han trilla ei vogn og vera med i dialog.

– Heldigvis er det lite koreografi. Men eg måtte jo øvd om så var. Me skulle nok fått det til.

Forfatteren tok utfordringa og fekk rolla som som han har skrive faktabok om. Foto: Ingebjørg Westre

– Korleis er det å sjå at ditt univers vert transformert til sceneoppsetting?

– Det er viktig å streka under at det ikkje er boka mi som er gjort om til sceneversjon, men ei av dei berande rollene i Hekseringen er nattmannen, den historiske karakteren eg har skrive faktabok om, presiserer forfattar og no musikalartist Totland, som glatt innrømmer at det hele er både kjekt og stas.

Ringen er slutta, skreiv me innleiingsvis. Det har seg nemleg slik at Anders Totland vaks opp på Bømlo. No er han tilbake og minnest alle gongene har var publikum på konsertar og spel der det og sveiv han: «tenk å vera del av dette!». No er han det.

– Eg var på Les Miserables i Moster Amfi med lyn og torden. Det var spektakulært. No skal eg sjølv vera med i kveldsframsyningar med innlagt pyro og greier.

Anders Totland og Ronja Evina Haugen speler hovudrolla Kristina i musikalen Hekseringen. Foto: Ingebjørg Westre

Anno 1665

Arrangørane om Hekseringen:

Året er 1665, og heksebrenning foregår over heile Europa. I Bergen må Kristina og bestevennen Peder forsøke å redde Kristina si bestemor som blir tiltalt og dømt som heks. Ho står i fare for å bli brent på bålet. Dei to borna må ut på ei farleg ferd, og får erfare trolldom og heksekunster på nært hald. Kan Kristina og Peder redde Besta fra flammane?

Framsyninga byr på både humor, spenning, dans, song, flammar, fyrverkeri og høge smell! Hekseringen er ei familieframsyning, men anbefalt aldersgrense frå 5 år og oppover.

Hekseringen er laga av Fyllingsdalen Teater, som tidlegare har spelt på festningen i Bergen og på Fløyen. I år blir det sett opp av Kompani Andersen i Moster Amfi på Bømlo.

HEKSERINGEN: Regissør Hilde Hoff Andersen gjev instruksjonar til ensemblet. Foto: Ingebjørg Westre

Vidt felt

Anders Totland er produktiv, og han spenner vidt i val av litterære tema. Bøkene om pest og plage, norsk slaveri og nattmann-oppgåver er del av ein faktaserie for unge. Han har og skrive romanar for unge og vaksne.

Han har vore konsulent for animasjonsfilm og spelefilm med bakgrunn i faktabløkene han har skrive. I tillegg har både studentar og forskarar teke kontakt etter å ha lese bøkene. Men musikal er ein ny situasjonen.

– Det er definitivt fyrste gongen eg har blitt casta til ein musikalscene fordi eg har skrive bok om den aktuelle karakteren.

Til Odda i haust

I oktober kjem han på ny til Litteratursymposiet. Her skal han møta unge lesarar, óg på scena. Kva betyr slike festivalar for han?

– Det er ein av dei viktigaste møteplassane for å nå ut til lesarane og kollegaer. Det kan vera einsamt å vera forfattar. Eg har ikkje kollegaer eller noko arbeidsmiljø der eg sit i skrivestova mi på Valen. Festivalar er vitamininnsprøyting, svarar han.

Totland strekar og under at å møte eit ungt publikum er viktig. Det er i hovudsak dei han skriv for.

– Du kjem tettare på under ein festival enn i eit klasserom. Der er me forfattarar innom, har eit opplegg som ofte fungerer som 45 minutts pause i kvardagen, før me forsvinn ut. Til symposie-oppleggene i Odda, til dømes, har elevane førebudd seg. Det er meir givande opplegg der elevane er medverkande. I min planlegging av turnéverksemd er festivalar øvst på ynskjelista.

Dei unge kan sjå fram til ei ny faktabok allereie tidleg i august: Norske sjørøvarar, medan vaksne kan gle seg til september og lansering av Til jord skal du bli.

– Det høyrest alvorleg ut ...

– Boka er tragikomisk og eg tenker lesarane skal kosa seg med ein tøysethriller. Den er fjernt frå alt og har gjort før

Neste år kjem etter planen nok ein faktabok frå hans hand i hans fakta for born-mal: Denne gong tusen års historie på ca 50 sider inkludert illustrasjonar.

– 12-åringane veit kor dei finn desse bøkene i bibliotekhyllene.

Totland-tips

– Bømlo er ein fin plass å dra til. Eg har eit tips til dei som vil sjå og oppleva Hekseringen: Om du har tenkt å ta ferje heim, bør du velga premieren torsdag 4. august. Då går det nattferje. Både fredag og laurdag er det to framsyningar, men inga nattferje. Då må du anten «køyra rundt» eller overnatta, informerer Totland.

Dei som er nysgjerrige på forfattar-Totland kan velga mellom 15 utgjevingar til no.

Så lenge ingen ser og oss og Engel i snøen tar opp såre og vanskelige tema, som overgrep og alvorleg sjukdom - den me helst ikkje snakkar om. Om romanane er berekna på unge, er dei absolutt verd og aktuelle å verta lese av vaksne óg, anten du har unge å diskutera temaa med eller ikkje.

Den fyrste fiksjonsvaksenboka var Vintertonar. Den andre kjem i haust og har ein heilt annan tone. Den 5. faktaboka for ungdom er på beddingen, og den fyrste sakprosaboka for vaksne, Vindmøllekampen - historia om eit folkeoppør, kom i fjor.

Denne saka er henta frå Hardanger Folkeblad, ei samarbeidsavis.