Arrangerer trafikkdag for dei på 62+

Magnar Sundsteigen (t.v.) og Øyvind Skogseth i Søral pensjonistforeining inviterer 1.  april til trafikkdag for dei på 62+, og andre som vil ta turen.

Magnar Sundsteigen (t.v.) og Øyvind Skogseth i Søral pensjonistforeining inviterer 1. april til trafikkdag for dei på 62+, og andre som vil ta turen.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Med rette utstyret i bilen og litt øving, kan eldre forlenga bilkøyringa si med mange år. 1. april inviterer Søral pensjonistforeining til trafikkdag, med mange viktige tema på timeplanen.

Under eit føredrag som køyrelærar Hogne Gjuvsland i Husnes trafikkskule heldt for Søral pensjonistforeining, kom det opp svært mange spørsmål rundt trafikktryggleik, nye forskrifter og anna. Då kom ideen om å skapa ein trafikkdag for folk på 62+.

– Vi arrangerer dagen i lag med køyreskulane Husnes trafikkskule og Invia, samt Hydro Husnes. I tillegg kjem det til å vera ein del bilforhandlarar til stades, fortel Magnar Sundsteigen og Øyvind Skogseth, formann og nestformann i pensjonistforeininga.

Trafikkdagen blir open for alle, også for dei under 62 år som ønskjer det. Staden er Hydro Husnes.

– Vi opnar dagen med innleiing og informasjon av Hogne Gjuvsland inne i administrasjonsbygget. Sidan blir det høve til å stilla alle dei spørsmåla ein ønskjer om emna. Etterpå blir det ulike aktivitetar utandørs òg. Dei som til dømes vil ta seg ein køyretur i lag med ein av trafikklærarane, kan få lov til det. Dette kan vera ein fin måte for å finna ut av korleis ein ligg an som sjåfør, fortel Skogseth.

Bilen parkerer sjølv

Det blir òg høve til å bli betre kjent med nye biltypar og bilutstyr hjå forhandlarane som er til stades. Det rette utstyret kan ha svært mykje å seia for kor lenge ein kan klara å køyra trygt.

– Dei som vågar å køyra bilar med godt utstyr, og som vågar å bruka dette utstyret, kan ha gleda av sertifikatet i langt fleire år enn dei elles ville hatt, seier Hogne Gjuvsland.

Parkeringsassistent er eit sånt type ekstrautstyr som kan bidra til ein enklare kvardag for mange, ikkje berre eldre. Dette er ein funksjon som parkerer bilen heilt på eiga hand utan innblanding frå førar. Ryggekamera er eit anna nyttig hjelpemiddel.

– Vi skal òg snakka litt om nye forskrifter som kom i oktober 2016, forskrifter som stramar inn helsekrava for å få behalda sertifikatet. Mange eldre mistar livskvaliteten om dei mistar sertifikatet, og ulike ting kan gjera at dei mistar det. Til dømes farleg åtferd, unaturleg sein køyring, unaturleg vinglete køyring, rygging på måtar som kan utsetja andre for fare og så vidare, seier Gjuvsland.

Sundsteigen og Skogseth legg til at det blir servering av vaflar og kaffi denne dagen.

– Som de skjøner er det mange grunnar til å ta turen den 1. april, smiler dei.

Artikkeltags