Vogntog utfor vegen i Ølve

Eit vogntog har sklidd av vegen i Ølve i kveld.

Eit vogntog har sklidd av vegen i Ølve i kveld. Foto:

DEL

Glatte vegar skapar problem for fleire i kveld. I Ølve har eit vogntog hamna utfor vegen ved Tråvikreset, i retning Gjermundshamn. Utforkøyringa skal vera udramatisk, og sjåføren i god behald, men ein redningsbil er på veg for å hjelpa det store køyretøyet på vegen igjen. Vegen er open på staden, og bilar kjem seg greitt forbi. Det har vore svært glatt på vegane i Ølve tidlegare i kveld, men no skal det vera strødd.

Også andre stadar i kommunen er det svært glatt i kveld. Ein tipsar fortel at mellom anna eit vogntog og ein buss har hatt problem med å koma seg opp vegen mot Kaldestad frå Sunde, noko som førte til at det stod stille i trafikken der rundt klokka 19 i kveld.

Artikkeltags