Tala til Statens vegvesen viser at det første tertial 2023 vart henta inn nær 2,7 millionar kroner til Kvinnheradpakken berre på sambandet Skjersholmane–Ranavik. Tal bilteljingar var 62.758. Det er ein auke på 2.829 bilteljingar i same tidsrom i 2022.
Frå februar til mars var det eit hopp på heile 100.000 kroner i bompengar, og trafikkauken gjekk denne månaden frå 14.520 teljingar til 16.714 i mars.
Frå mars til april heldt auken fram, og passerte 17.113 teljingar av køyretøy for april. Det vil seia at frå mars og april har Kvinnheradpakken henta inn over 700.000 kroner kvar månad på dette sambandet.
Når det gjeld reine billettinntekter første tertial 2023, har Fjord1 kravd inn totalt 8.1 millionar kroner (inkludert moms) på Skjersholmane–Ranavik.
