Tre bilar avskilta

Tre bilar blei kravt avskilta då Statens vegvesen heldt trafikkontroll i Rosendal og på Husnes torsdag. (Arkivfoto)

Tre bilar blei kravt avskilta då Statens vegvesen heldt trafikkontroll i Rosendal og på Husnes torsdag. (Arkivfoto)

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Statens vegvesen heldt torsdag føremiddag trafikkontroll i Rosendal og på Husnes. I hovudsak såg dei på bilbeltebruk, samt at dei leste av skilt for å sjekka om årsavgift, forsikring og periodisk køyretøykontroll var i orden. I resultatet frå kontrollen melder vegvesenet om at bilbeltebruken var bra, berre éin bilist fekk gebyr for manglande bilbeltebruk .To fekk gebyr for manglande vognkort, medan tre bilar vart kravt avskilta, står det å lesa. Éin greidde å fiksa opp mangelen på plassen. Fem køyretøy hadde såkalla skriftlege manglar, som gjekk på lys på bil og hengar.

Artikkeltags