1,6 millionar til veglys og kantstopp på Løfallstrand

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Nyleg utlyste fylkeskommunen midlar til punktutbetring for trygg skuleveg. Kvinnherad kommune søkte på desse midlane til trygging av fotgjengarar på Gjermundshamn, og til trafikksikringstiltak med etablering av veglys og kantstopp for buss på Løfallstrand. På møtet torsdag 20. april vedtok Utval for miljø og samferdsel (MISA) å gi 1.600.000 til veglys og kantstopp for buss for skulebornpå Løfallstrand.

Totalt kom det inn 38 søknadar frå 23 kommunar. Gjermundshamn-tiltaket var ikkje tilgodesett midlar i fylkesrådmannen si innstilling, men fylkesrådmannen skal arbeida vidare med dei tiltak som ikkje fekk tilsegn i tida som kjem, står det å lesa i sakspapira.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags