Byr på gratis oppfrisking for mc-førarar

SESONGSTART: Øystein Markhus arrangerer gratis oppfrisking for vinterrustne motorsykkelførarar.

SESONGSTART: Øystein Markhus arrangerer gratis oppfrisking for vinterrustne motorsykkelførarar.

Laurdag føremiddag 27. april inviterer Sunnhordland Trafikkopplæring til oppfrisking for vinterrustne mc-førarar.

DEL

Start blir ved Sunnhordland Trafikkopplæring sine lokale på Husnes, altså ved bygget der lensmannskontoret held hus. Samlinga skjer i samarbeid med Kvinnherad Motorsykkelklubb.

Trafikklærar Øystein Markhus fortel at det heile vil byrja med ein gjennomgang av opplegget. Deretter blir det å køyra til det nedlagde ferjeleiet på Løfallstrand der det er litt boltreplass.

– Dei fleste mc-ulukkene skjer som følgje av førarfeil. Også for turen inn til Løfallstrand vil vi ha nokre tryggleikstema, til dømes dette med sporval nær sidevegar og i kurver. Det handlar om å skaffa seg mest mogeleg oversikt og plass til å foreta eventuell unnamanøver, seier Markhus.

På ferjeplassen blir det svingkøyring i form av ulike øvingar, testing av bremsing og slikt.

– Etter ein lang vinterpause er det viktig å kjenna på korleis sykkelen oppfører seg når ein føretar hard bremsing og køyrer i skarpe kurver. Det kan me gjera med ulike øvingar under trygge forhold, seier Markhus.

«Rustløysingskurset» er tenkt å vera uhøgtideleg og for alle som køyrer motorsykkel.

– Her er det ingen som mister lappen, men når det gjeld mc-køyring blir ein aldri utlært, seier Markhus.

Han kjem også til å ha med seg nokre tohjulingsfolk frå køyreskulen si avdeling på Stord. Tidlegare i år deltok Markhus på Kvinnherad Motorsykkelklubb sitt årsmøte og prata nettopp om «rustløysing».

I fjor hadde oppfriskingskurset 12–13 deltakarar. Markhus håpar på fleire i år.

– Dette er eit gratistilbod som handlar om trafikktryggleik for motorsyklistane. I ei slik uhøgtidleg samling kan vi òg læra av kvarandre. Målet er å unngå ulukker, seier Markhus.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags