Gå til sidens hovedinnhold

Synfaring på rasutsett veg

Bondhus vil ha meir midlar til rassikring:

Artikkelen er over 6 år gammel

Tysdag gjekk nok eit ras på strekkja Mauranger–Rosendal. Den 22. mai skal medlemene i Nasjonal rassikringsgruppe synfara vegen.

1.-kandidaten til Hordaland Senterparti si fylkestingsliste, Benthe Bondhus, kjenner vegstrekkja mellom heimstaden Mauranger og Rosendal som si eiga lomme, og har i alle år levd med vissa om at ras kan råka kva tid som helst. Ho er Hordaland sin representant i Nasjonal rassikringsgruppe, som er sett saman av representantar frå dei åtte mest rasutsette fylka i landet. Gruppa blei oppretta under Nasjonal rassikringskonferanse i 2001, og har som mål at alle offentlege vegar i Norge skal vera sikra mot ras innan år 2030. Dette vil kosta ein stad rundt to milliardar i året. Gruppa legg fram fakta og argumenterer overfor styresmaktene gjennom deltaking i høyringar i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, gjennom dialogmøte med statsråd og departementet, og gjennom skriftlege uttalar.

Krokaparsellen

Medlemene i gruppa reiser land og strand for å gjera seg kjente med rasutsette område og innhenta fakta. Fredag 22. mai skal dei på tur til Kvinnherad og Fureberg.

– I to dagar skal vi reisa rundt og sjå rasutsette vegar her i regionen, mellom dei vegen ved Fureberg. Med på turen har vi folk frå samferdselsadministrasjonen i fylket og frå Statens vegvesen. Vi knyt oss òg opp til ordførarane på dei aktuelle strekkjene, fortel Benthe Bondhus.

Det er særleg den såkalla Krokaparsellen ho vonar ein kan få ei sikring av snart, ein parsell som er ein del av rassikringsplanen til vegvesenet. Aller helst kunne Bondhus tenkt seg ein tunnel bak heile parsellen. Tysdag som var gjekk det eit steinras mellom Tveitnes og Fureberg, og store steinar sperra vegen i eit par timar.

At det gjekk ras akkurat her var litt meir overraskande, ifølgje Bondhus, men likevel ikkje heilt utav det blå.

– Det er enormt mange raspunkt på vegane i landet; ja berre i Hordaland, og det kjem stadig fleire nye slike punkt til, seier Bondhus, og legg til at det siste året har vore eit ekstremt år for ras på landsbasis.

I høve til vegen ved Furebergsfossen, hadde Bondhus helst sett at ein fekk ein tunnel bak denne òg, og at ein heller kunne ha hatt ein liten valfri køyreveg ned til fossen for dei som ønskjer å oppsøkja denne. Ho nemner elles òg ønsket om tunnel mellom Nordrepollen og Austrepollen.


Realist

Bondhus er som dei fleste andre i bygda hennar hyppig bilist på vegen til Rosendal. Ho meiner det berre er flaks at det ikkje har gått liv med i nokre av rasa opp gjennom åra.

– Utryggleiken ligg der kvar dag. Ein vonar jo berre at barn og barnebarn skal koma seg trygt forbi vegen og heim. Det er faktisk berre flaks at det har gått så bra som det har gått til no, påpeiker Bondhus.

Ho trur og vonar at ho og resten av medlemene i Nasjonal rassikringsgruppe når fram og klarer å sikra at fleire midlar til vegsikring når fylket òg. Som pådrivar opp mot styresmaktene er ho med og syt for at gruppa gjer det dei kan for å skildra behovet for tryggare vegar.

– Eg er realist, og ser at vi ikkje kan gardera oss 100 prosent mot ras. Men klarer vi 98 prosent er det veldig bra det òg, påpeiker ho.

Kommentarer til denne saken