Politiet følgjer med på mopedistane

Frå politiet og Statens vegvesen sin mopedkontroll ved KVV i september. (Arkivfoto).

Frå politiet og Statens vegvesen sin mopedkontroll ved KVV i september. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 4 år gammel

Det har den siste tida vore skrive mykje på Facebook-gruppa «Kvar-dagsprat i Kvinnherad» om uaktsam mopedkøyring.

DEL

Politiet hadde ein større kontroll saman med Statens vegvesen for ein månad sidan, der dei to etatane fekk sjekka mange mopedar og snakka med førarane.

– Men politiet er framleis vakne på dette, og ønskjer å førebyggja trafikkuhell. Vi ser ein del spor i vegen som kan tyda på spinning med moped, vi får tips om uaktsam køyring, og veit at det framleis er mange mopedar som ikkje tilfredsstiller krava med tanke på fart og teknisk stand. Vi kjem til å halda fram fokuset på dette i tida framover, seier politibetjent Marius Kristiansen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken