Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkuhell mellom Sandvoll og Utåker

Politi og ambulanse rykte ut til trafikkuhell måndag kveld.

Ifølgje Vest politidistrikt sin operasjonssentral fekk politiet melding om hendinga rundt klokka 22.25.

Ein bil skal ha bråbremsa i 80-sona rett etter Sandvoll i retning Utåker, noko som førte til at bilen som kom køyrande bak ikkje rakk å stoppa og small inn i bilen framfor.

Det var fem personar involvert i uhellet, to i den eine bilen og tre i den andre. Det er ikkje meldt om personskadar i samband med uhellet, men politi og ambulanse følgde opp dei involverte.

Kommentarer til denne saken