Vest politidistrikt meldte om eit trafikkuhell på Ølvesvegen på Hatlestrand rundt klokka 16.19 måndag ettermiddag.

«Personbil velta i vegbana. Ingen personskade, og bilbergar er på staden for å sikra fri passasje. Trafikken blir dirigert på staden inntil bilen er fjerna», står det å lesa.