Mopedføraren omkom

Mobilfoto frå ulukkesstaden: Tomas Bruvik.

Mobilfoto frå ulukkesstaden: Tomas Bruvik.

Artikkelen er over 4 år gammel

Ved 17.20-tida laurdag kolliderte ein bil og ein moped ved Sandvikjo på Halsnøy. Mopedføraren omkom i ulukka.

DEL

Politiet fekk melding rundt klokka 17.20, om ein kollisjon mellom bil og moped ved Sandvikjo på Halsnøy. Naudetatane rykte ut til trafikkuhellet. Ved 18.40-tida gjekk politiet ut med at mopedføraren, ein vaksen mann, omkom i ulukka.

Det er uvisst kor mange personar som var i bilen. Føraren av bilen vart teken med til avhør etter ulukka, og det er ikkje mistanke om promille. Det var fleire vitne til ulukka, desse vil bli avhøyrt seinare.

Politiet kan ikkje seia noko om årsaka til ulukka, men både moped og bil skal ha kome same vegen, frå Halsnøy Kloster mot Sæbøvik.

Ulukkeskommisjonen til Statens vegvesen er no på veg til Halsnøy. Samstundes er kommunen sitt kriseteam kalla inn for å bistå pårørande etter ulukka.

Vegen er no stengt i området, og Norled melder at ferja i sambandet Ranavik-Skjersholmane i staden vil gå til og frå Sunde ferjekai inntil vidare. Det vil bli noko forseinking i ruta.

Artikkeltags