Mann (51) omkom

Politi, ambulanse, luftambulanse og brannvesen kom raskt til ulukkesstaden. (Foto: Tomas Bruvik).

Politi, ambulanse, luftambulanse og brannvesen kom raskt til ulukkesstaden. (Foto: Tomas Bruvik).

Artikkelen er over 4 år gammel

Føraren som krasja i tunnelveggen i Halsnøytunnelen torsdag ettermiddag omkom etter ulukka. Den 51 år gamle mannen var busett i Kvinnherad.

DEL

Morten Kron, operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt, fortel til Kvinnheringen at pårørande er varsla.

Tunnelen var like før klokka 21 framleis stengt etter ulukka, på grunn av pågåande undersøkingar. Det er manuell dirigering ved tunnelen.

Det var rundt klokka 16.45 at politiet fekk melding om at ein bil hadde krasja midt i Halsnøytunnelen. Naudmeldinga kom direkte frå bilen, som sendte koordinatar til redningssentralen. Ifølgje opplysningane politiet fekk, sat mannen fastklemt i bilen. Politi, ambulanse, brannvesen og luftambulansen rykte ut til ulukkesstaden. Rundt 16.58 var mannen frigjort frå bilen, og blei teken med ut av tunnelen. Livet til mannen stod ikkje til å redda.

Tunnelen blei stengt etter ulukka, medan det blei gjort undersøkingar. Det skapte bilkø i områda ved tunnelopningane. Politiet jobbar parallelt med Ulukkeskommisjonen.

Ordførar Peder Sjo Slettebø seier at kriseteamet til kommunen er sett i beredskap, og at kommunelege og vakthavande lege er varsla dersom politiet, pårørande eller andre treng bistand etter ulukka.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags