Ein bil køyrte utfor vegen fredag kveld rundt klokka 22.30, i nærleiken av Knatten på Handeland mellom Valen og Sandvoll. Politi og naudetatar rykte ut til plassen. Det var ingen personskader i samband med ulukka, og politiet mistenkjer ikkje promille hos føraren. Det var glatt vegbane i området då ulukka skjedde.
Skal du ut og køyra natt til laurdag bør du sjekka at bilen har vinterdekk, og køyra forsiktig, er vår oppmoding.