Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulukke i Herøysund

To bilar skal ha krasja front mot front i Herøysund like før klokka 17 torsdag ettermiddag.

Det meldte Vest politidistrikt på Twitter.

Det skal ha vore to personar involvert i ulukka, føraren i kvar bil, og begge var vakne og bevisste etter smellen. Skadeomfanget er elles ukjent, skriv politiet.

Naudetatane har rykt ut til staden, og trafikken går forbi i eitt køyrefelt. Vegtrafikksentralen melder at det er manuell dirigering.

Kommentarer til denne saken