Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulukke i Uskedalen

Vest politidistrikt meldte via Twitter om ei trafikkulukke i Uskedalen rundt klokka 22.22 tysdag kveld, og naudetatane rykte ut til staden.

Operasjonssentralen til Vest politidistrikt opplyser at det var éin bil involvert i ulukka.

Den kvinnelege føraren i 40-åra var åleine i bilen då den køyrte av vegen, og bilen snurra rundt og hamna på sida. Vedkommande var tilsynelatande ikkje hardt skadd etter ulukka, men blei uansett følgd opp av helsepersonale.

Bergingsbil blei rekvirert, og politiet dirigerte trafikken forbi ulukkesstaden i ei tid etter ulukka.

Politiet opplyser at då føraren blåste i alkometeret, gav det utslag. Poliet beslagla derfor førarkortet til kvinna.

Kommentarer til denne saken