Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulukke mellom Matre og Åkra: Kollisjon mellom bil og scooter

Vest politidistrikt meldte om ei trafikkulukke på Baugstranda rundt klokka 20.16.

Saka er oppdatert:

Ein bil og scooter skal ha kollidert på Baugstrandsvegen like sør for Krabbanestunnelen måndag kveld, og naudetatane har rykt ut til staden. Politiet veit førebels ikkje korleis ulukka skal ha skjedd.

Det skal vera store materielle skadar, og det er opplyst at den kvinnelege scooter-føraren var bevisstlaus etter ulukka.

Luftambulansen landa på ulukkesstaden rundt klokka 21.10, skriv Vest politidistrikt i Twitter-meldinga.

Vegen er stengd som følgje av ulukka, og vil truleg vera det ei god stund, står det vidare.

Kommentarer til denne saken